Innhold
Forsiden
Meninger
Prosa
Kontakt
Om send og motta
Logg inn
- - - - - - -
Mest lest
 
Forsiden

Til ettertanke ...
De 10 prosentene av befolkningen som tjener mest i Norge, la beslag på 19 % av samlet inntekt i 1990. I dag mottar de mer enn 25 %.
 

La oss dele på to! Skriv ut E-post
tirsdag 02. desember 2008
Av Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den. , 3850 Kviteseid

jsf_300.jpgAv og til er eg ikkje klar over om eg drøymer eller er vaken. Eg begynner å bli van med store tal. Vi har kjent sneven av korleis det kan gå når papirflyttarane og børsgutta får lov til å styre. Med bonusrytteri og opsjonar av ufattelege dimensjonar, iallfall for oss litt lengre nede på stigen. Men milliardane til nye jagarfly overgår likevel dei villaste fantasiar. I sær når utgangspunktet skulle vera ei regjering som på den eine sida hevdar å ta miljøsituasjonen på alvor og som på den andre sida i følgje Soria Moria-fråsegna påstår at Noreg skal vera ein ”fredsnasjon”. Korleis er det mogleg å få produksjonen og drifta av 48 helvetesmaskiner stinne av øydeleggingspotensial til å samsvare med ”månelandingane” til Stoltenberg-regjeringa og til den ”fredsbygginga” dei pratar om i nyårstalane?

Prinsipielt er galskapen like uhyrleg same kor ”fredsflya” blir laga, og ettersom det er håplaust for utanforståande å kunne kontrollere kva som er sant og ikkje i den såkalla beslutningsprosessen, kan ein berre kjenne eit blaff av plutseleg erkjenning ved å lese fornuftige folk som peikar på at i korridorane til premissleverandør nr 1 for vedtaket, Forsvarsdepartementet, der rugar mørkret, der brukar dei hemmelegstempelet oftare enn godt er for demokratiet. Og til og med vi utanforståande får ei uggen kjensle av at det skal meir enn saklege argument til for å skifte leverandør. Og iallfall meir enn ein milliard eller fem.

Vi er mange, mange som er overtydde om at verda ville vera ein betre stad for alle utan desse elektroniske monstra. Men vi er på same tid klar over at det er ein utopisk tanke at ei norsk regjering skulle droppe heile flykjøpet. Det ville vera ein soleklar avskilssøknad, for krigskameratane ville nok vite å mobilisere.

Men det finst mellomløysingar. I eit innlegg i Telemarksavisa 26. august tok to fornuftige innsendarar til orde for å halvere flykjøpet. Å dividere med to er ikkje vanskeleg. La oss prøve. La oss dividere dei ulike økonomiske overslaga for flykjøpet med to – og du vil sjå at du sit med eit innsparingsbeløp av ja, bortimot astronomiske dimensjonar. Tenk så litt på kva for oppgåver me da kunne gå laus på!

Er vi mange som kjenner på oss at det er på tide å reise ein proteststorm? Eg trur det. Iallfall er det fleire enn underskrivne som kjenner klart og tydeleg at det får vera grenser for kollektiv galskap. Det må da greie seg med 24!

Denne utfordringa lar eg i første omgang gå til Telemarksbenken.
 
 



Get the Flash Player to see this player.
Flash Image Rotator Module by Joomlashack.
Nei til atomkraft
Etisk forbruk
Konsum og krig
Initiativ for etisk handel
Nestekjærlighet

Gibson til salgs
dsc02587_65.jpgJeg selger min nydelige 1954 reissue Les Paul Custom 1972, etter 35 års vennskap.
Les mer her.

Klimaguiden

Relaterte artikler
Nyhetsstrøm